Fyrefest i Oslo

Det kunne vere så tidleg som klokka 16:59 eller så var det så seint som 17:01, dei som var tilstade på åstaden, der hendinga skjedde, er enno ikkje einige. Ute er det vinter og Oslo er i ferd med å riste av seg skuffelsen over ein dårleg vinter. No druknar dei i snø og er mest like breiale som vintervande nordleningar.

Hansa Rostock Fanclub
Hansa Rostock Fanclub

Det er vanskelig å skildre kvar dette hende. Men om du står med ryggen mot Sofienbergparken, ser opp over mot gamle Freia fabrikkar, tek til å gå oppover Seilduksgata. Etter nokre meter, ser du ei åpning. Mellom ein cafe og ei blokk. Ikkje det heilt store. Men det er inn hit du skal. Over skavlen, inn fara etter dei andre. Forbi bryggeriet på høgre handa. Langs skuret. Forbi den store Mercedesen. Bak. Inn ei lita dør. Der. Der finn du BBØ i full vigør.

Over eit fjell
Gjennom ein tunnel
Over ei bru, ja der bur du
Håper du veit kor heldig du e
Du bur på Vestlandet

Styret hadde sett foreniga stemne. Det er årets fyrebord. Styret hadde diska opp med tapas i utallige variantar. Sushi. Salatar. Og Punch. Den overvintra Studentradiopunchen frå Godskegården gjekk igjen ikveld. Musikk frå Bergen, Vestlandet og Brann runga igjennom lokalet.

Du kan reise ut i verda
Du kan følge drømmen din
Gå på karneval i Rio
Sjå på muren i Berlin
Du kan oppleve ein masse
Du kan lære nye ting
Men innerst i ditt hjerte e du alltid vestlending

Nokon hadde vore på plass sidan før lokalet åpna. Andre sluntra unna og kom seinare. Andre igjen sneik seg inn mot slutten. Eit festlig lag. Det vart sunge høgt og lenge. Brannsongar. Kvelden sin store Schläger var Vestlandet. Denne songen bør gjerast på Fyrebussen.

Over eit fjell
Gjennom ein tunnel
Over ei bru, ja der bur du
Håper du veit kor heldig du e
Du bur på Vestlandet
Nanananananananana…
Nanananananananana…

Geir held Quiz in absentia. Torbjørn leia økta med stø hand og delte flokken inn i 4 lag:1-2-3-4 Det var eit vannvittig fokus på Brann og Brann-nerdane boltra seg. Til sist var igjen forfattaren heldig nok til å kome på eit lag der alle dei andre drog lasset og eg kunne cruise inn til siger igjen. Som Gratispassasjer. Gratulerer til mannskapet på meisterlaget “Selv-når-vi-taper-står-de-andre-og-gaper”: Diderik-Ruben-Petter-Einar

Torbjørn held ein flott tale. Det er høgt aktivitetsnivå på BBØ, sjølv om det er vinter. Vi skal delta i OBOS-laget Viking sin vintercup i Manglerudhallen den 17. februar. Ei av helgene etterpå, må BBØ arrangere årsmøte. Og den 10. Mars ruller Ranheim og Brann igang Eliteserien 2018.

Tida går fort i glitrande selskap. Snart var det på tide å gjere Oslo uttrygg. Ymse BBØ’erar og BBØ’rinner var å finne på pub. Og har dei ikkje kome heim enda, er dei på pub framleis.

Meld deg på supportercupen, har du ein spelar i magen, send ein epost til BBØ. Sjå opp for innkalling til årsmøte. Kanonfotografen var og tilstade. Desse var med:

Web-Hansen

Observatør. På buss, pub og kamp. Webmaster

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *