Årsmøte BBØ ’18

Det hadde gått ut bod om årsmøte i BBØ. Presidenten og styret hadde formulert bodskapen og publisert den på verdensveven. Heimeside, feisbukk og sjatt. Åge ordna med lokale, sentralt på Blindern. Det er berre å stille.

Ex-presidenten var sein. Han kom med drosje, med innramma drakter i bagasjen. BBØ hadde fått 2 signerte drakter av Brann på årets supportertreff, før kampen mot engen. Etter litt klassisk kødd med elektronikk, skjerm og powerpoint, kunne President Torbjørn ta fram årsmøteklubba og banka møtet igong.

Photo 10155767029906997

Fyrste punkt, var overraskande nok å gje forfattaren ei gåve. Signert Branndrakt. Tusen takk. Det varma stort. Takk for all jobb og organisering med gåva, det kunne ikkje vore lett å ordne signert drakt midtvinters. Stor stas! Takk takk.

Photo 10155767029896997

Torbjørn konstituerte møtet. Dette, er årsmøtet til BBØ. Broder Bjarte fekk det ærefulle oppdraget: Føre referat. Så kom dei faste postane som perler på ei snor. Kva skjedde i fjor, styret si forteljing om kva som eigentleg hende: Turar, festar og anna løye. Etter dette kom økonomi, med budsjett og greier. Kva brukte BBØ pengar på i 2017, kvar hanka BBØ inn pengar?

Så er det tid for valg. Johannes, Torbjørn og Geir var ikkje på valg, Robert og Einar tok gjenvalg som henhaldsvis kasserar og styremedlem. Med eit rush og mangfald av kandidatar, er det eit under at desse to skulle bli gjenvalgt… Nei, det er ikkje nett slik. BBØ sine kandidatar sit longt inne. Desse to vart klappa inn. Årsmøtet gjor ei endring, André takka nei til vervet som vara-representant. Denne stillinga gjekk til Jan Olav. Applaus. Web-redaksjonen meiner å sitte inne på dokumentasjon, som viser at André enno er valgkomiteen…

Styret, ved President Torbjørn, presenterte planar og økonomi for 2018. BBØ ønskjer å køyre buss til Sarpsborg, Skien og Sandefjord. Ein litt meir open tur, er ein mulig tur til Kristiansand i mai. Denne vert lenger. Sommarfesten vart og nemd, vi treng ein god plass å arrangere denne.

Kontingent vart satt til 100,-. Kontonummer og detaljar om dette er å finne på toppen av sida, på banneret. Detaljane er og å finne på sida “Om BBØ”. Årsmøtet debatterte og prisen på bussturane. Styret hadde lagt fram eit forslag på null-pris ved 30 påmeldte. Sidan BBØ har god økonomi, bestemte årsmøtet at pris på dei faste Fyrebuss-turane skulle vere 200,- for medlemmer og 300,- for andre. Turen til Kristiansand er vurdert til å koste 15 000,-

For turen til Kristiansand, bestemte årsmøtet at BBØ skulle sponse turen med 2500,- og den resterande summen, skulle dei reisande dele på. Turen vart og bestemt til å vere ein tur/retur, rett etter kampslutt.

Eit anna punkt. Årets BBØ kamp i Bergen, ville vere kampen mot rbk i oktober. Styret har av årsmøtet fått i oppgave å vere organisator for fellesaktivitetar og informere om reise. Årsmøtet sa og at BBØ skulle støtte medlemmer som reiser med 100,- pp. Dette vert mest sannsynleg ein søndagskamp og det luktar nattog tilbake til Oslo. Følg med for detaljar.

André fikk og med at BBØ skulle gjere eit forsøk på Fantasy Leauge for Tippeligaen. Meld deg på, set saman eit lag. Her er linken: https://fantasy.eliteserien.no/?autojoin-code=4607-1221

Photo 10155767035546997

Tabelltippinga for Brann, vart og gjort. I fjor tippa Einar nummer 5. og dette gikk inn. Dette tippa årsmøtet 2018:

  1. Bjarte, Diderik
  2. Christine, Einar, Kim
  3. Jon Olav, André, Ruben
  4. Kim E, Benjamin
  5. Robert
  6. Geir, Torbjørn
  7. Åge

Årsmøtet vedtok og at SK Brann skal vinne Cupen i 2018 og at Nystemten alltid SKAL avsynges på BBØ sitt årsmøte.

Som siste post på årsmøtet, var det lotteri av dei medbrakte draktene. Verdens beste keeper sin drakt, Pjotr 24 vart vunne av Bjarte. Signert drakt, av heile laget, vart vunne av André. Vi gratulerer

Etter årsmøtet, steig BBØ på Tbanen og køyrde til Jernbanetorget. Puben Galway Bay, ved Plaza var målet. Ein dyr hotellbar. Godt over hundre kroner for ein pint med Guinness. Det var kjekt, det var ville historier og mykje latter. Mot slutten av kvelden ville enkelte opp i Sky-bar, sjå ut over Oslo. Det var ein fantastisk utsikt.

Photo 10155767035931997

Men Drinkane var ikkje all verden. Nett so det var, medan vi satt kring bordet, kom ein ung mann.
– Unnskyld, jeg skal spille her, kan dere flytte dere?
Han hadde ein Mac og ein liten stresskoffert.
– Jaha, kva spelar du då. Enter-tasten?
– Jeg spiller faktisk trommer…
Vi lo og flytta oss. Vi ville ikkje stå i vegen for trommer, mac og elektronisk lounge-musikk. Kanonfotografen var og med. Desse var med oss.

* Detaljar om tabelltipping, Piders fantasy leauge er henta frå Bjarte sitt referat.

Web-Hansen

Observatør. På buss, pub og kamp. Webmaster

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *