Hotellrom i Budapest

Av og til, dreg Brannsupportarar til utlandet, sjølv når det er serie, kamp og Brann på TV. Jobben roper og eg dreg. Til Donau sine bredder. Til sol, vår og utepils. Det er laurdag. Det er fri. Men eg er gjest. Og gjestar skal visast kring byen. På elva, i parkar og avenyar. Alt skal skje. Og eg er med.

Waddayasay?
Waddayasay?

Det vert båttur, bruer, parlament, kirker og slott. Staseleg. Vi går på kjøtt og grønnsaksmarked, vi et villsvin til lunch og vi besøker parken med stor P. Vi køyrer ein av verdas eldste metro-baner. Vi besøker ein katedral, vi ser operaen og vi går ned avenyen. Klokka tikker raskt mot kampstart. Eg fintar, later som eg går mot venstre og stikk til høgre.

Rett tilbake til hotellrommet. På med VPN. Fram med Get og på med kampen. Eg sit på tuppen av stolen. Dette er då tragisk. For ein gjeng med skodespelarar som har kome på besøk på Brann stadion. Ballsund de luxe. Dei dett. Dei brukar alle middel i heile boka. Dette er ikkje kjekt å sjå på.

Eg lyt ta grep. Eg trudde det ikkje var nødvendig. Men drakta må fram. Eg gjer eit sentralt byte. Men det vert ikkje betre. Brann ligg nede som slakt. Dette går over stokk og stein. Tida halast ut i universet og kjem ikkje attende. Dette vert 0-0, berre tull.

Heldigvis tek dommaren ansvar. Legg til 9 minutt. Brann spring. Forbi kramper, blåmere og bøller frå Kristiansund. Tilsist kjem ein corner. 7 minutt over tida. Kven andre, Bismar! Vår mann. Redder dagen. Vinn kampen for Brann. Eg skrik. Eg brøler. Det er fest i Fjaler og på enkelte hotellrom i Budapest.

Den einaste som er snurt er Pamer. Du veit, han frå BT. Han får ikkje intervju no heller. Vår mann Bismar sigrar igjen.

Web-Hansen

Observatør. På buss, pub og kamp. Webmaster

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *