Ferden går mot Sør

ptr
Fyrebussen

Det var tidlig for nokon, andre syntes det var seint. Og for dei som kom presis, akkurat passe. BBØ var på plass. Det er klart for BBØ si utflukt til Kristiansand. Fyrebussen svinger opp, ved Anders, ein hyggelig mann som skal ta oss til Drammen. Sa du Drammen, var ikkje dette historien om Kristiansand? Joda, men Drammen fyrst, sidan Sørlandet. Det er for langt for ei ykt, for ein sjåfør. Men frå Drammen og attende, så er det innafor.

Vikar sjåfør
Vikar sjåfør

Etter litt fjas, tant, tant og fjas kom Fyrebussen til Drammen. Inn stig dei siste og bytte av sjåfør til Bengt og Mai. Fyrebussen ruller sørover. Det er ein fin dag. Ein fin dag for ein tur. Det er pauser titt og ofte. Eg noterer at selskapsblærer er ikkje BBØ sin styrke. Stadig sørover. Bussen tek et lenger stopp etter Sørlandsporten. Flokken må forast. Snart kan vi telle ned. Vi har Start og Kristiansand i sikte. Litt sightseeing seinare, var BBØ klar for puben. Ein ok plass i sentrum av Kristiansand.

Puben
Puben

Inne møtte vi kjende og nye kjende. Mange frå BBØ nytta høvet til å la seg avbilde med Redouane Drici, gamle heltar frå Brann si lange historie. Kjekt. Tida i godt lag går fort, flokken gjev seg mot Sør Arena. Nokon går. Andre tek drosje og vi tek rutebussen. 50 kroner. Jadda, det er billig i Kristiansand.

Stadion er flott, det er sol og det er Brannkamp. Bak stadion har Bengt parkert Fyrebussen, dei har picknic og vi har kamp. Sjølve kampen er eit gjesp. Start har lagt flid i forsvaret sitt. Og dei held stand. Lenge. Mot slutten av kampen får Skålevik ein retur og setter den. 0-1 og 3 poeng til Brann.

Sør Arena
Sør Arena

Turen heim er lett. Baksetet syng. Lagar nye songar. BBØ slår på tromma og fikser litt pizza ved Grimstad. Vi et og tek lagbilde. Gode og mette sig ein og ein saman. Brannsiger og slakk i kroppen. Ved Risør suser vi forbi rådyra i vegkanten. Før vi veit ordet av det er vi tilbake i Drammen. Vi takkar Bengt og Mai for turen, Anders kjem attende og tek oss til Oslo. Ein fin dag er mest over. Kanonfotografen var og med, samt assistenten Martin. Desse var med.

 

Web-Hansen

Observatør. På buss, pub og kamp. Webmaster

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *