Sola skin i Skien

Mandagskamp. Kan du kome på noko meir deprimerande? Noko som er så trøsteslaust som eit trekkplaster på TV. Ein fotballkamp som ikkje har anna hensikt ennå selge meir såpe? Ein kamp som det er krøkkete å ta seg til. Der alt ligg til rette for fiasko. Ingen unntak. Alt var ved det gamle. Det er ein nervøs gjeng som møtes på Fiasco. Ferien av bruten av. Sommarkontoret stengt. Og trafikken er drepen på austlandet.

Par på tur

Fyrebussen sig fram i køa på E18. Det går ikkje fort, men vi er på veg. Vi plukkar opp den faste gjengen i Drammen, sig nedover. Nystemten vert avsunge, øl konsumert og pissepauser avholdt. Joda. Dette er jo nesten som før. Leder serien og all tingen. Men Fyrebussen er ikkje i slaget. Vi stanser her. Der. Overalt. Og klokka går. Vi vil ikkje stresse sjåføren, men blodårene er i ferd med å sprekke. 

Vi når akkurat fram til Skagerak arena, kun minutt før avspark. Vi spring inn. Finn plassar og der er vi i gang. O-de-de, verdas mest skarpe supportersang prøver å få fyr på plasten i Skien. Det går ikkje. Vi kauker og syng det beste vi kan. Men det kan virke som om laga og har eit snev av VM og ferie over seg. Det vil seg ikkje. Ikkje i det heile. Ein daff første omgang.

BBØ på Skagerak Arena

Vi pustar ut. Det er enno tid. Vi har enno ikkje tapt med Fyrebussen i år og det er ikkje noko tidspunkt å starte med noko nytt. I alle fall ikkje i Skien. Men nei. Andre omgang tek til akkurat som den fyrste slutta, relativt trist. Etter 62 minutt får Brann corner og kven andre enn vår gamle krigar og ven – Bismar dukkar opp og ordnar 0-1. Fantastisk. Det er som lufta går ut av Odd. Brann tek meir over og vi har eit par klare sjanser til å pynte på resultatet. Dette går vår veg.

Redouane, Diderik, Torbjørn, Einar

Det er ein nøgd gjeng som soler seg i kveldssola og ruller nordover mot Oslo. Men så er det denne Fyrebussen som ikkje er i slag. Ein plass etter Sandefjord hikkar den alvorleg og vi får oss nokre timars seriøs pause på ein rasteplass ved E18. Det gjer ingenting. Det er lite mygg. Vi har ei øl eller to. Det er varmt. Vi leder serien og alt er bra. Plutselig sleng det ein gammal kjenning inn på rasteplassen. Redouane, sjølvaste hr. Drici. Bilder vert tatt. Alltid kjekt med gamle helter.

Bengt

Bengt gjer underverk med Fyrebussen. Han får improvisert fram ein slange til erstatning for den som er sprukket. Vi rullar sakte vidare. Godt over midnatt er vi framme i Oslo.

Ein stor takk til laget, Bengt og kanonfotografen som var med og foreviga heile seansen.

Web-Hansen

Observatør. På buss, pub og kamp. Webmaster

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *