Det tredje blå laget: Sandefjord

For nye sjåarar: SK Brann har slått Sarpsborg og Ranheim, no står “De Blaa” frå Sandefjord for tur. Brann troner øverst på tabellen og regjerer for tida fotball-Norge. Turen til Sandefjord skal gå med Fyrebussen.

Fyrebussen
Fyrebussen

Dei faste gamle hadde møtt tidlig på Cafe Fiasco, dei faste kom litt seinare og dei nye kom heilt til sist. BBØ fekk selskap av Glimt Sør, dei skulle og på kamp. Borte mot Sarpsborg. Vi sa begge lukke til. Dei drog austover, vi drog sørover. Bengt og Mai møtte tidlig, inn ramla BBØ og Fyrebussen vart fort fylt opp.

Glimt Sør
Glimt Sør

Bussen starter opp, folk og fe vert telt, beskjedar gitt og vi tek til på æresrunda framfor Hotel Plaza. Før vi er halvvegs, sprett ein mann opp.
– Eg har gløymd telefonen!
– Eg har gløymd telefonen på Cafe Fiasco. Stopp!
Bengt stoppar, åpnar døra, mannen spring, flyg opp trappa. Triumferande vender han attende, viftande med telefonen over hovudet. BBØ svarer med applaus.

Flagg
Flagg

– Halloen, det e frå framme i cockpit.
– Vi e no på veg, vi vil synge Nystemten, så snart for-sangaren er ferdig på toalettet.
– Vi vil stoppe i Drammen og gjer et siste pit-stopp på vegen, før vi ender på Komplett Arena.

Geir & Einar
Geir & Einar

Omsider renskar forsangaren stemmen og Nystemten runger i Fyrebussen. Her skal det stille skytast inn at det gjekk nokre meldingar fram og attende, BBØ vart advart av politi og andre kjende i BBB om at Drammen sentrum var drukna av rbk-supporterar. Rykta sa at dei ikkje ville vere glad for å sjå oss. Merkelig. Uansett; vi gjorde som planlagt, streifa periferien av Drammen og snart var E18 igjen vår ven.

Drammen-ish
Drammen-ish

Etter det annonserte stoppet ved Holmestrand, var det igjen tid for annonsering frå cockpit.
– Eg minner om at BBØ vil køyre til Kristiansand den 12. mai, årets bortetur. Meld deg på og få prisen ned. Om du melder deg på innan 1. mai, vil du få ei BBØ lue som premie.
Den nye motorvegen på E18 er snar. Plutselig var vi framme, litt krøkkete skilting og vi kom fram til Komplett Arena.

Komplett pub 1
Komplett pub 1

Inne på Stadionpuben er stemninga stor. Brann er i overtall og syng etter beste evne. Opp kjem flagg og banner. Ein real liten pub, med ein artig detalj med tapping av øl frå botnen av glaset. Litt synging frå begge grupper, gjer det veldig hyggelig. Øl og fotball, noko betre?

Komplett pub 2
Komplett pub 2

Første omgang er eit stort gjesp. Defensiv sjakk matt. Andre omgang. Orry kjem inn. Plutselig sit løpa til Teniste og Koomsom. Overlapp og flikk til Orry. 0-1. Det er heilt greit. Brann vinn på ein middels dag. På toppen av tabellen, ubesiera. Det kjennest fantastisk. Serieleder med Fyrebussen.

Branndrakter 96
Branndrakter 96

Blide og nøgde supporterar vert skyssa inn i bussen. Etter kampen, måtte Kim den eldre diskutere si samling med Bulgarske frimerke med dei lokale representantane frå Politiet. Heilt greit. Han og kjem med. Bengt ratter buss og vi kjem raskt ut på motorvegen.
– Halloooo. Det e’ frå Cochpit. Serieleder med Fyrebuschen. Gratulerer! Minner igjen om turen til Kristiansand. Det blir årets bortetur. Meld deg på og få ein lue.

Bussen stanser ved Holmestrand og vi får litt for. Vi et og syng og ruller mot Drammen. Stemninga er god.
– Det e’ frå framme i Bussen. Vi køyrer no direkte til Oslo. Ingen andre stopp. Rett til Oslo, OK? Ad Kristiansand, vi må køyre tidlig slik vi kjem tidlig fram. Dette fordi at sjåføren skal få 9 timer med kvile. Jadda. 9 timer. Di raskere vi kjem ned, jo betre. Meld deg på og få en lue!

Stoppet i Drammen vert kort, men fint. Nokon strålte meir enn andre. Men alle som skulle av, kom av. Alle som skulle til Oslo, vart med vidare.  Reiser i godt lag går fort. Snart er denne turen med Fyrebussen over.
– Hallo, det er frå framme, her framme. Eg er glad i dykk alle. Meld dykk på turen, send epost. Takk for en flott Fyrebusstur!

På det siste strekket mot Plaza, ut av tunnelen på Ring 1, møter bussen ein diger trailer, som mest sit fast i taket i tunnelen. Han må rygge mot trafikken, opp mot rundkjøringen, for å komme på rett veg. Eit mareritt. Vi gjer runda og parkerer bussen. Etter litt klabb, litt babb, kjem alle av bussen. Og vi gjer oss mentalt klar til tur til Kristiansand. Sa eg at det var 12. mai? Kanonfotografen var og ombord. Desse var med.

Web-Hansen

Observatør. På buss, pub og kamp. Webmaster

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *