Kva gjer ein Keepertrener?

Det er haust, indian-summer i Tiger City. Vi drikk øl i sentrum, det er fotballkamp hjå Intillity. Brann stiller, det same gjer Engen. Det vert sunge, det er nervøst. Brann har ikkje slått Engen borte sidan 2011, alt for lenge sidan. Det kan verke som laget har jobba på seg eit kompleks. Drink kjem inn, stemninga stig.

Ruben
Ruben

Politiet bestemmer at vi må ta banen til Hasle og spasere bort til banen. Det er eit godt stykke. Keagan og forfattaren er litt late. Vi stikk før Brann-toget. Dreg jakka att og hiv oss med banen før. Turen opp går greit, Jägermeister hjelper og plutselig var vi framme. Inne på stadion får vi sjå bilda, høyre nyheitene. Triste saker.

Dei fyrte av bluss, det var allsang, det var brannalarm. Så er ein mann uheldig og dett mellom tbanen. Og vert skada. Brått er ikkje fotball viktig lenger. Alle berre lurte på korleis det går med Jørgen. Så trist. Men alt fortset. Alt flyt. Klokka tikkar vidare. Det vil bli match, uansett. Enkelte er fast i sentrum, banen har slutta å gå. Mange køyrer drosje. Litt om litt kjem folk fram. Rysta.

Ach du mein son Radlinger
Ach du mein son Radlinger

Sjølve kampen var dårleg. Engen med eit visst initiativ, men det var ikkje farleg. Ikkje før Nouri slenger avgårde ei lompe av eit skot, keeper Radlinger velg å hoppe vekk frå ballen og 1-0. Det ser teit ut. Det er fullstendig unødvendig.Toget gjekk. Laget vart prega. Proforma match. Sjølvsagt lager Engen 2-0 før det heile vert blåst av.

Kosta Radlinger oss kampen? Nok ein gong får eg kjensla av at vår keeper treng trening. Det er liksom ikkje fyrste gong at fumlinga skjer. Han har liksom alt. God med ballen, rask, høg og sparker / kaster presist. Men enkelte reaksjonar på ball imot mål, vurdering av ballbane inn i feltet og duellspel i feltet er heilt junior. Så, kva gjer ein keepertrener, egentlig? Mitt forslag: Send Radlinger på hard duelltrening med Acosta, Azar og Vito. Lær å halde ball. La Radlinger lære innkast av Gilli og Teniste, ballbaner. Vår mann har potensiale. Veldig.

Og Jørgen, god betring.
(Kanonfotografen var og med)

 

Web-Hansen

Observatør. På buss, pub og kamp. Webmaster

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *