Dra-dra-dra-sammen-til-Drammen

Det er enno vinter. Det er enno skisesong. NFF insisterer likevel på deira stupide opplegg. Kulde-fotball og frys-deg-ihjel-på-tribunen. No også på plast. Gamle plast i Drammen. Yup, det er Godset som ventar på andre sida av elva.

Den enkelte BBØ’ar og BBØ’inner ramla inn på Cafe Fiasco. Utålmodige. Det er snart klart for kamp. Nye fjes kjem til og heng seg på. Ivrige. Det er fyrste kamp på denne sida av fjellet denne sesongen.

– Skal ikkje vi dra snart?
Stemmen er nervøs, ser mot døra og han dreg i skjerfet sitt.

President Torbjørn tel over forsamlinga og set flokken i bevegelse før planlagt. Ti på tre, strømmer BBØ på toget. Det snakkast og diskuterast og det drikkast. Jada, folk har tatt tog til Drammen før. Ein kan bli tørst på ein slik tur. Det er lurt å ha med seg flytande niste på lomma. Veteranane i BBØ kan dette.

Vel framme i Drammen hadde våre lokale vener okkupert bordet i hjørnet på Lauritz. BBØ Corner vart etablert. Tida går fort i godt lag. To og to, store og mindre flokkar dreg vi oppover mot stadion.

Godt inne, samlast BBØ. Det syngast. Det ropast. Unionen har fått besøk. Sjølve kampen var litt langdryg. Det lukta 0-0 i lenge. Men så er Bismar uheldig. Heimelaget leder 1-0. Men alt godt kjem til dei som ventar. Barmen Army slår til når Brann og BBØ treng det som mest. 1-1. Brann tek poeng på ein dårleg dag. Det er håp in te hænging snor, som det heiter på Trøndersk.

Alle gleder seg. Unnteke Pamer i BT. Han synast at Bismar var feig som ikkje ville snakke med pressa om det uheldige sjølvmålet etter kampen.

Etter kampen er det resolutt gange til togstasjonen. Vi trekk oss attende. Nokon opp langs elva, andre med toget heim til Bergen og andre til Oslo. Fornøgd, mellom-fornøgd? Sånn passe. Kanonfotografen var og med. Han tok bilete, dette er årets modellar.

Web-Hansen

Observatør. På buss, pub og kamp. Webmaster

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *