Frå Pub til Sogndal

Stedet er O’Reillys. Det er seint. Det er 16 mai., på god veg mot 17. Brann har vunne kalasseier over Sandefjord og stemninga er god. Det skålast og det drikkast. Vi legg knapt merke til at Rosenborg underheld Tromsø. Heimelaget tek leiinga og dei lokale bartane jublar så godt dei kan på puben. Vi forbannar dommaren og heier på TIL.

Nilsen kjøper øl. Mykje øl. Så scorer Tromsø og vi viser bartane korleis det skal gjerast. Heia TIL! Skål igjen.
– Det er faen meg bare rettferdig!
– Alle vil at Rosenborg skal tape.
– Det er ikke det. Sist vi var på puben og Viking scoret på overtid, så jublet de forbannede Rosenborgsupporterne.
– Det stemmer, dei gjor det.
– Dette er Karma! Det er Karma med renter!
Diderik skåler med mening, verden er igjen i balanse. 

Byen er Bergen og laget ‘e Brann. Vi syng. Meir øl. Rett før slutt, tek Tromsø ledelsen og bartane er tause som veggen. Det er dans. Det er fest. Dommaren viser 3 minutter tillegg. Sjølvsagt. Det er Rosenborg. Det er Trøndelag. Det er nff. Dei spelar til klokka viser 97 minutt. Men TIL held unna. Sakte fader trønderane vekk og vi rår grunnen åleine.

– Kva er neste kamp?
– Sogndal borte.
– Skål!
Det drikkast og skålast med meining.
– Kan vi fare dit?
– Kva med billettar?
– Ja, kva med billettar?
– Heile Bergen vil vel ha billettar no, etter dette.
– Dette vert vanskeleg. Billettar. Til ein utsolgt kamp.
Facebook melder om rush etter billettar. Alle er svoltne. Og her sitt vi.
– Får vi billettar, så…
– Jah, om vi får billettar.
– Vanskelig. Dette vert vanskelig.
Ølbrillene er runde. Veldig runde.
– Eg kan sende ein epost, kor monge skal eg be om?
– Meg!
– Meeeg!
– Meg.
– Meg
– Og meg.
Eg tel på fingrane. Ei hand og ein til. Eg får ei øl og ei til.
– Ein epost til Brann i morgon.
– Skål!
– Og ingen tur utan billettar!
Det skålast rund baut. Pubgjengen er nøgd. Klokka dreg seg mot midnatt og siste trikk heim. Nokon dreg vidare, andre dreg heim.

Neste dag. Nasjonaldagen. Frukost og siste rest av barnetoget i Oslo. Eg dreg fram laptopen, let att augo, tenkjer attende, held handa fram for meg og reknar. 1-2-3-4-5-6. Talet er 6. Eg skriv det ned og sender eposten.  Dagen tek fatt. Det pyntast. Ein går ut og seier gratulerer med dagen. Det feirast. Mykje. Kor lett er ikkje denne dagen etter ein seier på Stadion. Det vert seint igjen. Og morgondagen kjem fort. Arbeidsdagar gjer gjerne det.

Klokka klang, så fort ein sprang. Alt går sakte. Møte. Rapportar. Oppdateringar. Nok eit møte. Ingen epost. Endå fleire møter. Mest på slutten av dagen kjem svaret, jau, dei hadde 6 billettar. Tenk, nokon av dei siste billettane. Konvolutt i luka på Fosshaugane Campus. Åler meg heim. Sender epost til nokre utleiefirma og kryp under dyna.

Fredagen er som i ein døs. Seint får eg svar. Reknar over igjen og melder dei som var med på pub og gjorde avtalen. Positivt svar frå alle. Avreise vert sett til 09 neste dag. Det er Sogndal borte.

Laurdagen er sur i Oslo. Veldig sur. Sjekker med Atle, dei hadde passert Hønefoss. Mannen kjem og deler ut bil. Eg legg signerer og eg legg ut. Vi får nøkkel, henter pub-gjengen og legg ut på vegen. Sandvika, Hønefoss, mot Gol og Hemsedal. Traktor vert spelt, Ruben har kikertsyn og ser traktor der alle andre ser åker. Andre finter gravemaskin for traktor eller bil for traktor. Like gale. Etter ein time på bondelandet er Diderik lei. Alle har sett ein traktor eller tre. Raude, grøne, blå.  Han vil spele byar. Du seier ein by, så må neste sei ein by på bokstaven byen sluttar på. Vi lærte 2 ting. Uhorveleg mange byar sluttar på N og vi i bilen kjenner ingen byar som sluttar på Y.

Lunch på Gol og rett over fjellet. Inn att på E16 og vidare nordover. Rullar rett inn på ferga. Timing er alt. Nokon augneblink seinare er vi i Sogndal. Gjengen vert slept av på Meieriet, vi parkerar og går attende. Vi finn andre frå Øst som er i Vesterled på pub Legreid. Vi informerer om Meieriet og set kursen dit. Gamle kjende også her. Kaffi til meg, Pepsi Max til Ruben og øl til gjengen. Vi vinker over litt pizza, deilig Grandis. Sidan rullar Bataljonen inn frå Bergen og Meieriet renn fullt. Monge nye fjes, men og fleire kjende. Køa til baren er lenger enn lang. Mest like lang som avstanden opp til Campus. André og eg legg tidlig iveg, han på krykker og eg er låghalt. Det tek tid. Men vi kjem fram.

Vi får billettar og dei seier at det er utseld, André går inn. Eg ventar. Og ventar. Dei er ikkje lokalkjende og går litt for longt. Men dei kjem. Og vi går inn. Opp kjem banneret. Fyrst minneord og applaus for Sead. Sidan startar kampen. Sogndal legg seg attende. Brann styrer banespelet, men får lite til. Dårlige innlegg. Så kjem eit lompe-skot mot Pjotr, han fumblar og det står 1-0. Brann forset med spel og dårlege innlegg. Det står seg til pause.

Andre omgang tek til som den fyrste slutta. Brann spelar og Sogndal forsvarer seg. Med elendige innlegg. Så spelar ein bingolotto i Brann sitt 16 meter felt og ein midstoppar set ballen i vinkelen. 2-0. Brann berre fortset. Barmen set inn 2-1. Så må Barmen av banen og inn kjem Larsen og utliknar. Euforisk. LAN er svolten og vil ha 3 poeng. Trykket mot Sogndal varer ved og Haugen lader kanonen frå 25 meter. 2-3. Fantastisk. For ein kveld.

Sidan får vi pakka bilen og rullar mot Oslo. Rett inn på ferga. Over fjellet til Hemsedal, pølse og hamburger med dommarar og andre Brannsupportarar frå austlandet. Regnet føl oss til Flå. Det går raskt mot Oslo. Det er seint, men alle vert sett av i nærleiken av bustaden. Bilen vert parkert og klokka er 03:10. Lang dags ferd mot natt er over.

Kanonfotografen var og med. Dette er noko av dei vi møtte og litt av det som skjedde.

Web-Hansen

Observatør. På buss, pub og kamp. Webmaster

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *