Pølse i vaffel – 2018

– Korleis tek du ‘an?
– Tek kva då?
– Pølsa vel…
– Well, vi skal til Østfold. Vaffel.
– Elementært, Dr. Pølse-Vaffel. Men, med ketchup, sennep eller syltetøy?
– Eg er ein rebell. Eg tek ‘an bar. Pølse i vaffel. Enkelt og greit. Du då?
– Brunost!

Genia i nff hadde bestemt at runda sin toppkamp skulle gå kl 20:00 i Sarpsborg. Langt vekke, i ein heilt annan del av landet. BBØ la sine planer. Henting i Drammen av Berge-klanen, resten av gjengen ved Spektrum, stopp ved Råde bibliotek og siste pit-stopp før kamp skjer på Tommy sin pub: Olavspuben.

Råde er dårlig på bibliotek
Råde er dårlig på bibliotek

Alt skjer som tenkt. Heilt til eg ringer Atle, som eg trur er i Drammen
– Hallaien, kunne du telt dei som går på i Drammen?
– Drammen? Eg er i Oslo. Eg og Elvis.
– Ja ja, kanskje du kan spør Erlend eller Eivind i staden?
– Nei, nei. Dei er her, dei og!
– Er det ingen av dykk faste som går på i Drammen?
– Nei, alle er her.
– Well, då må eg ringe Bengt og seie at det kanskje ikkje er nokon i Drammen å hente… Kanskje berre ein.
– Lukke til.

Bengt vert ringt og han tek seg ei strafferunde. Fyrebussen er litt sein, før den svinger inn framfor Plaza godt over 15. Vi får skyssa hopen ombord. Det vert informert om praktiske detaljer. Vi syng Nystemten. Vi prøver ut det tekniske anlegget. Vi får fyr på ein mobil med Brannsanger. Stemninga er god. Vi gjer god fart og plutselig er vi i Råde.

Bussen parkerer framfor Biblioteket. Ut strøymer folk og fe, nokon meir pisse-trengt enn andre. Under ei busk, bak ein bil og kring eit tre – gjer dei frå seg. Omsider får vi samla hopen. Kanonfotografen gjer greia si, Bengt assisterer. BBØ får dagens klassebilde framfor Østfolds dårlegaste utlånstad for bøker: Råde Bibliotek. Råde-Råde-Er-Dårlig-På-Bibliotek!

Bengt tek oss på ei runde, avstandane er små, slepp av nokre få i Sarpsborg, resten plasserer han på Olavspuben. Vi treff sjølvaste Super-Ray vi får god mat og god drikke. Tida går fort, Onkel Politi kjem på besøk og plutselig må vi på kamp. Med eskorte køyrer vi til Stadion.

Onkel Politi
Onkel Politi

Vi har fått Fossefallet sin gamle tribune. Vi køyrer rundt stadion. Over anleggsplassen, bak den nye tribunen. Heile tida med politiet på plass. Bengt får instruksjonar og vi forsvinn inn på kamp.

Byggeplassen
Byggeplassen

Den gamle tribunen er fin, tett og gjev god resonans. Den nye… Har godt med luft under taket og lyden berre forsvinn. Vi kan ikkje høyre bønder synge. Vi ser dei, men høyre dei, det kan vi ikkje.

Sjølve kampen var jamn. Brann jobbar godt og spring Sarpsborg i senk. Vi eig banespelet og kjem til store sjanser. Så får Brann frispark, Haugen skyt under muren. Ballen sprett i Hetle Nilsen og i en Sarpsborgspelar. Keeper er ute av spel og 0-1. Andre omgang gjer Sarpsborg justeringar og kjem meir med i kampen. Dei sleiver i veg eit langskot, keeper Samuel ser lenge på ball og slenger seg ut av mål. Inn går ballen der han nett stod. 1-1.

Brann trykker meir på i løpet av omgangen. Sjansane er store. Men det vil seg ikkje. Ikkje før dei riv ned Barmen og Brann får straffe. Vito sender keeper ein veg og ballen ein annan. 1-2. Dette gav liv til ein spurt frå heimelaget. 3 minutt før slutt får dei ei billig straffe. Fotballguden såg i nåde til oss og sende straffa utanfor. Ein herlig seier på bortebane.

Vegen heim blir stress. Falske beskjedar vert gitt. “Tog” skal nåast. Det var ikkje sant. Stress for ingenting. Litt dårlig kommunikasjon med folk som ville av, skapte litt misforståelsar. Til overmål, gløymde Banner-ansvarleg BBØ banneret på Bussen. Bengt held på det til så lenge. Kanonfotografen var aktiv. Desse var med.

Web-Hansen

Observatør. På buss, pub og kamp. Webmaster

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *