BBØ skar hærpil og drog til Ulsteinvik

Det gjekk ut bod frå Vest.
Brann byd opp til fest.
Til Ulsteinvik går ferda.
Og BBØ har slikt å gjera.

Daffe Daffy drygde drabeleg.
Seint, seint fekk BBØ billett,
Mange banna, edene kom lett.
Vise-Hovding Jørn klarte seg.

BBØ-Flokken samla seg i Galway Bay.
Dei drikk mjød, ser TIL slå MFK.
I finalen, desse må Brann slå.
So kom Bussen den Stutte og Ruben Rorkar.

Kom – Hærmenn, kom, ropte Skjoldmøya Janne.
Tida er komen, vi skal herje landet!
Atle Skalden kvad: Heia Brann!
Kanonfotograf André, lo og knipsa henne.

Bussen den stutte, var fylt til ripa og ramma.
Geir den Digre og Hovding Einar sat trongt.
Seta var små, korte og harde: Vondt, når det er longt.
Ruben Rorkar gav gass, bygda Oslo svann i randa.

Fyrst sat Ruben Rorkar og Skjoldmøy Janne,
Frode den Koselege og Espen den Arge vakta døra
Så kom Roy Herdebrei og Christian Skjemtegauk
Flanken hadde Jarle med Leppa og Robert den Vise

Vidare finn vi på neste sete; Atle Skald,
Bodbringaren Diderik og Kim den Unge er neste duo ut.
Berserken Jon Ivar og Kanonfotograf André held lag bak der.
I hekken på Bussen den Stutte: rådde Cato Optimist og Gisle den Trøtte

Den stutte pausa kom på Kvitfjell
Ingen pub, men likevel:
Du treng berre BBØ som gjest til fest.
Sang, kvad og mange glas: BBØ er best!

E6 vart gammal og lav.
Bussen den stutte svinga av.
Nødtanken blinkte, straks tomt,
å forlate Dombås var dumt.

Ein stasjon, ein stasjon for BBØ.
Vi vil ikkje at Den Stutte skal dø!
Vi truga Bunker Oil, dei gav faen.
XY på Bjorli vart redningen!

Ruben Rorkar Ratta Raskt Retningen.
Åndalsnes kom og for.
To blink til venstre vendingen;
vi var på sunnmørsk jord.

Sulesund, eit framand namn.
Ferge og svele i vår famn.
Over fjorden og fram til frukost.
Hareid Hotel: egg, bacon og øl – kos kos kos!

Rutebussen snirkla oss til Vik.
Skandale Skandale Skandale!
BBØ luska seg fram som ein snik.
Fann ein supporterpub stengd: Skandale!

Etter 3 minutt åpna den.
BBØ storma mannsterkt inn:
Gje meg eit glas, min ven!
Velkomen, dykk har rett sinn!

Rykta gjekk, Ulsteinvik har gamle heltar.
På Kaffikari fann vi dei att: Geir Hasund!
Autograf, kaffi og kaker på fat.
Hasund sin hund, akkurat.

‘Vik og Hødd var vennlege.
BBØ hadde det kjekt i sentrum.
Sidan gjekk klokka.
Vi gjekk opp mot Høddvoll.

Seinare, same ettermiddag vart det spelt ein fotballkamp.

Eit verk på rim.
Desse var med:

Skjoldmøya Janne – BBØ og reiseleiar
Rorkaren Ruben – Sjåfør og kaptein.
Berserken Jon Ivar – BBØ
Kanonfotograf André – BBØ
Hovding Einar – BBØ
Geir den Digre – BBØ
Espen den Arge – BBØ
Frode den Koselege – BBØ
Gisle den Trøtte – BBØ
Atle Skald – BBØ
Bodbringaren Diderik – BBØ
Robert den Vise – BBØ
Roy-Ove Herdebrei – BBØ
Jarle med Leppa – BBØ
Kim den Unge – BBØ
Christian Skjemtegauk – BBØ
Cato Optimist – BBØ

Bussen den stutte – Mercedes
Vise-Hovding Jørn – BBØ sin Billetthai
Daffe Daffy – Brann sin Billettgauk

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *